MANGER MUSIKKLAG
MENY
ARTIST MENY
MANGER MUSIKKLAG - BRASSBAND
Manger Musikklag vert omtala som eit av dei finaste brassbanda i Noreg. Korpset vart stifta i 1922, og har
alltid vore prega av entusiastiske og ambisiøse medlemar som til ein kvar tid ynskjer å oppretthalde
og heve korpset sin musikalske standard. Mange velkjende dirigentar har vore hyra for kortare og lengre
periodar sidan Tom Brevik starta som musikalsk leiar i 1974. Den mest suksessrike av alle kan seiast å vere
David King, sidan han leia korpset fram til fire NM -sigrar på rad, 1994- 1997. I 2002 vann Manger Musikklag
NM att, denne gongen under leiing av Allan Withington.
Manger Musikklag har og satsa mykje på samtidsmusikk, og har tinga verk frå fleire norske og utanlandske
komponistar. CD-en ”Graffiti”
(GR´CD 03) mottok svært gode
kritikkar. I 2004 såg BrassWind-
festivalen dagens lys, ein festival
som vart til på initiativ frå
komponist Torstein Aagaard-Nilsen
og Manger Musikklag. Intensjonen
med denne festivalen er å auke
interessa for originalskriven
korpsmusikk frå vår eiga tid, og på
same tid få komponistar til å skrive
ny musikk for korpsmediet.
BrassWind har hatt besøk av
nasjonale og internasjonale artistar
og feira i 2008 5-års jubileum.
ARTISTENS HJEMMESIDE: www.mangermusikklag.com
NORSK // ENGLISH